OBS! Denne sida er under redigering, ver venleg å ta kontakt med Frode Nordeide dersom de skal sende avissider til oss. Tlf. 951 91 158, epost frode@firda.no

Vi arbeider for å finne løysingar til beste for kundane i samband med kvalitet, kommunikasjon og overføring av filer. Då vi ønskjer å gi dykk eit best mogeleg produkt er det fint om de tar kontakt for oversending av ei prøveside, så vi kan kvalitetssikre overføring og sider før de sender den ferdige avisa.

Utfallande trykk (magasin)
Utfallande trykk kan vi berre levere med utgangspunkt i tabloid storleik, ikkje broadsheet. Netto minimumsformat ferdig beskore er 240 x 330 mm. VIKTIG: Uansett ferdig beskore format, må dokumentformatet de produserer avisa på alltid vere 280 x 400 mm. Vi har laga ein Quark Xpress-mal med skjæremerke for utfallande trykk. Last ned malar nedst på sida.

  • Utfallande bilete
    Dersom de ønskjer bakgrunnsfarge eller bakgrunnsbilete heilt ut på sidene, må de legge desse utanfor skjeremerkene. For å sikre eit best mogeleg resultat, tilrår vi ein sikkerheitsmargin på 5 mm i topp, botn og i ytterkant. Bileta må difor leggjast 5 mm på utsida av skjærelinjene (dei blå linjene). Hugs på å leggje bileta slik at vesentleg del av motivet ikkje ligg utanfor skjærefeltet (inklusiv sikkerhetsmargin).
  • Tekst
    Sidan vi tilrår ein sikkerheitsmargin på 5 mm, kan vi oppleve at det kan bli beskore heilt inn til den grøne hjelpelinja. For å sikre at tekst ikkje blir skore bort ved utfallande trykk, er det difor viktig at teksten vert lagt i god avstand innanfor denne grøne hjelpelinja for å få marg på utsida av teksten.
  • Bakgrunnsfarge
    For kundar som tidlegare ikkje har arbeidd med produksjon til utfallande trykk, tilrår
    vi å lage ein bakgrunnsfarge som dekkjer frå midtmargen og til 3-4 mm utanfor skjæremerka.
    (Slik som med utfallande bilete) Dette er den sikraste måten å få et bra resultat på.
  • Tematitler og pagina
    Ikkje legg tematitlar eller pagina(sidetall) utanfor dei grøne hjelpelinjene. Dei kan då bli skore bort på enkelte sider.
  • Skjæremerke
    Om de ikkje ønsker å nytte våre malar, ønsker vi at de set på skjeremerke som vist på vår mal.Skjeremerka er viktige å setje på slik at vi veit kvar vi skal skjære avisa.
    Det skal ikkje vere andre passmerke eller skjeremerke enn dei som vi har på våre malar.

Tabloid-format
På denne malen vil de jobbe på papirformat-storleiken og vil då kunne sjå visuelt korleis avisa faktisk blir. Dokumentformatet her er 280 x 400 mm, medan det trykkgjevande området er 255 x 375. Der mogeleg å la bilete/bakgrunn gå over midten, men unngå at tekst vert lagt over midten på falske oppslag (altså utanom midtsidene).

Papirformat 280 x 400 millimeter (trykk-område 255 x 375 millimeter)
Det totale dokumentformatet må vere: 280 x 400 millimeter, Dette er eit bruttoformat, og
papirkant i ytterkant er inkludert.

Det trykkgjevande området på dette formatet er 255 x 375 mm. Alt som skal vere med på trykk, må vere innenfor dette området. Vi tilrår 15 mm indre marg, men dette er valfritt. Det kan vere overgangsbilete og tekst over midten (midtsidene) om ønskjeleg.

Ingen passmerke eller skjeremerke på Tabloid-formatet. Last ned malar oppe på sida.

Last ned sidemalar for Tabloidformat:
Standard Tabloid (Quark)
Standard Tabloid (InDesign)

Last ned sidemalar for Magasinformat:
Standard Magasin (Quark)

Standard Magasin (InDesign)