Program
Dei to beste sideproduksjonsprogramma er QuarkXPress (6.5 eller nyare) og Adobe InDesign (2.0 eller nyare).
 Vi har ferdige malsider for begge format som de kan få tilsendt eller laste ned.

Sjekkliste
Vi i Sogn og Fjordane Avistrykk er opptatt av at produktet ditt skal bli best mogeleg. Difor har vi tillatt oss å lage ei sjekkliste over element det er viktig å ta omsyn til ved produksjon av sider til avis.

  • Unngå dette:
    Skrift under 10-12 punkt i 4-fargar.
    Tynne rammer i fleire fargar
.
    Kvit skrift under 12 punkt på fleirfarge bakgrunn, gjeld spesielt antikva-skrifter eller andre skrifter med tynne strekar.
  • Farge = CMYK
    Sjekk at alle fargar er konvertert frå RGB, Pantone o.a. til CMYK. Bruk NADA-profilen.
  • Filstorleik
    Hugs å kutte bileta i bildebehandlings-programmet. Eks. Om du tar eit lite utsnitt av et stort fargebilete i Quark, ligg framleis det store fargebiletet bak med x-antall Mb i fila. Det tar plass og det tar unødig lang tid å handsame.
  • Falske oppslag
    Ved falske oppslag (alle oppslag utanom midtsidene) bør du unngå å dele bokstavar i sideovergangen.

Kontakt oss!
Dersom de ikkje har erfaring med avisproduksjon frå før (skal t.d. lage skuleavis eller russeavis), ta kontakt med Frode eller Geir før de startar på avisa. Vi kan lose dykk gjennom produksjonen for å få eit profesjonelt resultat. For pristilbod, kontakt Rune.